Vedtok kommuneplanen sin samfunnsdel:

Overordna og visjonær plan

Torsdag i førre veke vedtok Kommunestyret den første samfunnsplanen for Stad kommune. Samfunnsplanen er ein overordna plan som peikar i kva retning ein ønskjer å gå.

Samfunnsplan: Kommunestyret i Eid vedtok sist torsdag kommuneplanen sin samfunnsdel, Samfunnsplanen er ei overordna plan som peikar retning for kva samfunn ein ønsker Stad kommune skal vere. 

Nyhende

– Planen er grunnlag for alt vidare planarbeid i den nye kommunen, og set fast prinsippa for korleis Stad kommune skal utviklast i åra framover. I vedtaket ligg det m a at «Verdas beste vesle stad» skal vere den overordna visjonen for Stad kommune, og at Stad skal ta ein posisjon som «Distriktspionér» – ei føregangskommune for distrikts-Noreg, sa ordførar Alfred Bjørlo (V) då han orienterte kommunestyret om planen, og visjonane for den unge kommunen.