Ny NRK-tilsett koronasmitta

Ein ny tilsett ved NRK Vestland sitt kontor i Førde fekk måndag kveld påvist koronasmitte.
Nyhende

- Vedkommande har vore på heimekontor sidan det første smittetilfellet vart påvist onsdag i forrige veke, opplyser distriktsredaktør Dyveke Buanes i ei pressemelding.

Alle som var på kontoret måndag, tysdag og onsdag i forrige veke skal no teste seg for covid-19 og er satt i karantene av kommuneoverlegen i Sunnfjord.

“God morgon Sogn og Fjordane” på NRK P1 vert sendt som planlagt tysdag morgon, med tiltak som ivaretek karantena. Dagsendinga vert sendt frå Bergen, felles for heile Vestland.