Kommunal garanti for lån til Harpefossen skisenter

Kommunestyret i Stad vedtok å stille kommunal garanti for lån til Harpefossen skisenter.

Stad Frp sine representantar, Hogne Bleie (nr. to frå høgre, og Anfinn Sjåstad, ønskte ikkje å gje kommunal lånegaranti til Harpefossen Skisenter AS.   Foto: Arkivfoto Tormod Flatebø

Nyhende

Stad kommune garanterer med selvskyldnerkausjon for lån som Harpefossen Skisenter AS tek opp til to utkjøp av leasingavtale for to trakkemaskiner. Kausjonen gjeld for lånets hovudstol 2.797.365 kroner med tillegg av 10 % av til ei kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle påløpte renter og kostnader. Det maksimale beløpet som det vert kausjonert for er dermed 3.077.102 kroner, som vert redusert i takt med nedbetalinga på lånet. Kausjonen gjeld frå 15. september 2020 til same 15. september 2025. Vedtaket må godkjennast av fylkesmannen. Det vart røysta over formannskapet si innstilling som vart vedteke mot røystene til Frp sine representantar Hogne Bleie og Anfinn Sjåstad.