Les om Tore-Garden i Leivdalen:

-Ei dame spurte om det gjekk an å ha butikk her i huttiheita. Men folk finn fram.

Kundane har i sommar strøyma til frå Lindesnes i sør til Harstad i nord. – Det har vore enormt. Heilt vilt.

GLEDE: Innehavar Sølvi Iren Haugen Leivdal har stor glede av å drive verksemda Tore-Garden. – Det er julaftan kvar gong eg får pakkar og varer som skal plasserast, seier ho.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Gründer og butikkdrivar av Tore-Garden i Leivdalen, Sølvi Iren Haugen Leivdal, er overvelda over responsen ein no opplever på gardsbutikken ho starta for seks år sidan.