Marita Aarvik på «forsoningsmøte» på Stad Hotell:

– Vi må vise kvarandre respekt

– Kvifor er det lettare å sitte bak ein skjerm og skrive kva ein meiner, enn å stille opp her å seie det?

Bra med folk: I overkant av femti personar møtte fram på møtet som Stad Landskap inviterte til på Stad hotell laurdag. Initiativtakarane Marita Aarvik og Ronald Dalsbø, hadde sett respekt, kjærleik, omtanke og miljø som stikkord for møtet. Om konfliktnivået blir mindre etter møtet står att å sjå. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det sa Marita Aarvik, som saman med Ronald Dalsbø, tok initiativ til «forsoningsmøte» for bygdefolket på Stad Hotell på Leikanger sist laurdag. Arrangør for møtet var Stad Landskap.