Par i hjortejakt

– Hjortejakt er kjekt fordi det er vanskeleg. Det seier Ronny Øverli. Han er jaktleiar på Hjelle, der dei er eit titals jegerar som jaktar saman i til dels krevjande terreng.

Kristin Heggen og Ronny Øverli er ein del av jaktlaget på Hjelle. Felles jaktinteresse gir flotte naturopplevingar, spenning i tilværelsen og gode måltid.   Foto: Anna Wuttudal

For å overliste ein hjort, må du bruke alle sansane du har.

Ronny Øverli
Nyhende

Ronny er ein dedikert jeger som elskar å jakte. Han er frå Gausdal i Gudbrandsdalen og er vand til å jakte på både elg, hjort og rådyr. Og han er ikkje i tvil om kva han liker aller best å jakte på. Det er hjorten.