NM-tittel i sportskøyring

Ina Herstad, Eid Køyre og rideklubb, med hesten Glitur vart i helga noregsmeister i sportskøyring.

Norsk meister: Ina Herstad med hesten Glitur vart i helga norsk meister i sportskøyring. Foto: Solbjørg Steiro Herstad 

Nyhende

– NM i sportskøyring består av tre delar. Dressur, maraton og presisjon. Alle konkurransane går føre seg med vogn. I og med at dette var det første stemnet i år, så var eg spent på kor eg stod i landskapet. Første øving var dressur, og eg presterte vel sånn midt på treet, men stort sett var eg fornøgd. Litt det same var det i maraton. Eg vart nummer to i feltet, noko eg eigentleg var godt fornøgd med, seier Ina Herstad som bestemte seg for å køyre slik ho brukar, og ha det moro i den siste konkurransen – presisjon, seier Ina til Fjordabladet.