Fleire vil ha meir midlar til vedlikehald i Nasjonal Transportplan

Ikkje alle flyplassar har livets rett

Fleire norske vegar har etterslep på vedlikehaldet. Fleire peikar no på at vedlikehald og rassikring må prioriterast høgare i Nasjonal Transportplan (NTP).

IKKJE ALLE HAR LIVETS RETT: – Vi har nok lufthamner i Noreg. Strukturen må forenklast, nokre flyplassar kan slåast saman, sa Torbjørn Lothe i NHO Luftfart.   Foto: NHO Luftfart

LYTTA: Samferdselsminister Knut Arild Hareide møtte torsdag ulike næringslivsaktørar og organisasjonar for å ta imot innspel til arbeidet med NTP 2022–2033.   Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Det kom fram under eit innspelsmøte kor samferdselsminister Knut Arild Hareide møtte ulike næringslivsaktørar og organisasjonar for å ta imot innspel til arbeidet med NTP 2022–2033.

Må ta tak i etterslepet

Ei prioritering som mange peika på, var behovet for å halde ved like og rassikre vegsamband framfor å bygge nytt.

– Det er ikkje fornuftig og realistisk at alt skal byggjast på nytt. Vedlikehald er lønnsamt for samfunnet, sa Mekonnen Germiso frå arbeidsgivarforeininga Spekter, under møtet.

Fleire peika på at ekstremvêr dei siste åra har vist kor sårbare enkelte vegstrekningar kan vere for naturen.

– Auka satsing på førebyggjande arbeid i trafikken. Vi må kartleggje særskilt utsette strekningar. Stortinget har ambisjon om skredsikkert vegnettverk i 2030. Fylka må få auka rammevilkår for å følgje opp ansvaret dei har, sa Kenneth Sandmo frå LO under møtet.

Også Fagforbundet peika på vedlikehald som ein viktig del av NTP. Torgeir Holm frå forbundet viste til at eksisterande vegnett må haldast ved like og klimautfordringar gjer at behovet for vegvedlikehald veks.

– Det er stort etterslep på tidlegare riksvegar, som no er fylkesvegar. Ein må prioritere å ta ned vedlikehaldsetterslepet, sa han.

Liv og helse viktigast

Også Trygg Trafikk peika på viktigheita av trygge vegar.

– Fokuset på økonomi kan få negative utilsikta konsekvensar for trafikktryggleiken, sa Jan Johansen i Trygg Trafikk.

Han viste mellom anna til at ein i fleire tilfelle går inn for billigare løysingar, sjølv om ein ut frå statistikk veit at det vil gi fleire ulykker enn om ein går for tryggare og dyrare alternativ.

– Analysane som avgjerdene byggjer på, viser til kva folk er villig til å betale for å spare tid. Vi trur at folk heller vil ha dei dyrare alternativa om ein viser til at det vil spare liv, sa han.

Ikkje alle flyplassar har livets rett

Også flytrafikk og jernbane blei diskutert under møtet. Torbjørn Lothe frå NHO Luftfart peika på at ein treng å forenkle flyplasstrukturen.

– Vi har nok lufthamner i Noreg. Strukturen må forenklast, nokre flyplassar kan slåast saman. Ansvaret for infrastruktur ligg på staten, men kvar enkelt fylke har ansvar for flyplassane. Det må samordnast, sa han.

– Ein kan ikkje bygge nye store flyplassar utan å legge ned andre, la han til. (NPK)