Fjordabladet flyttar midlertidig

Fjordabladet er på flyttefot, og frå tysdag skal vi midlertidig inn i tredje etasje i Sparebanken Vest-bygget.

FLYTTING: – Hit flyttar Fjordabladet for ein periode, konstaterer redaktør/dagleg leiar Ingebjørg Nilsen Stokkenes.  Foto: Inger Træen

Nyhende

– Lokala vi har i dag i Rådhusvegen skal renoverast, så vi må flytte litt på oss for ein periode. Vi flyttar ikkje langt, berre med busstasjonen mellom oss, og inn i tredje etasje på Sparebanken Vest-bygget, fortel Ingebjørg Nilsen Stokkenes, redaktør/dagleg leiar for Fjordabladet. Men frå å vere på gateplan blir Fjordabladet no i eit bygg utan heis.

– Sjølv om vi ikkje sit i det gamle bankkvelvet, så sit vi bak låste dører. Dette er ikkje eit problem. Det er berre å ringe oss, så møter vi dei som har behov for å treffe oss. Med den tekniske utviklinga som har vore så kan vi i dag sitte kvar som helst å lage avis. Vi kjem til å kome ut med papiravisa to gongar i veka som før, tysdagar og fredagar, og så legg vi saker ut på nett til alle døgnets tider, seier Nilsen Stokkenes.