Spel norsk

Feirar musikken i ei veke

Denne veka vert det norske musikklivet feira når Spel norsk festivalen går av stabelen i Stad kommune.

FESTIVAL: Denne veka går musikkfestivalen Spel norsk av stabelen i Stad kommune. Det vert musikk i alle sjangrar, i alle aldersgrupper og på store og små stadar rundt om i Stad kommune.   Foto: olin maria yri

Nyhende

I vinter vart det klart at Stad kommune var ein av seks kommunar i landet som skulle delta på festivalen Spill norsk. Stad kommune hadde også fått bekrefta at dei fekk nynorsk logo, og kunne kalle festivalen, som skulle gå av stabelen 23.–29. mars, for Spel norsk. Så slo koronapandemien innover landet, og det vart ikkje noko ut av festivalen i mars. No i september vert det derimot festival, og den går av stabelen frå 14. til 20. september.