Hans Christian Hansen

Stiller seg kritisk til Falck sitt truverde

─ Når Falck Renewables Vind AS sin kommunikasjonsrådgjevar seier til Fjordabladet at dei sediment som er slept ut i elva og sjøen ikkje er farlege for fisk, er det i beste fall ei ny misforståing frå selskapet si side.

Hans Christian Hansen er kritisk til Falck Renewables sin uttale om at: Utslepp av sedimentet ikkje er farleg for fisk eller vegetasjon då storleiken på partiklane og komposisjonen ikkje tilseier skadeleg forureining.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier leiar i Stad Landskap, Hans Christian Hansen, som fortel at reagerer kraftig på uttale, der kommunikasjonsrådgjevaren seier følgjande: «Når situasjonen oppstod var, som sagt, det viktigaste for Falck Renewables at utsleppa blei stoppa. Vi engasjerte ekspertar frå Rambøll for å analysere kva som blei sloppe ut i elva og sjøen. Det viser seg at sedimentet ikkje er farleg for fisk eller vegetasjon då storleiken på partiklane og komposisjonen ikkje tilseier skadeleg forureining.»