Video

Mange møtte fram til «forsoningsmøte» på Stadlandet

Laurdag 12. september 2020 inviterte Stad Landskap bygdefolket på Stadlandet til «Forsoningsmøte» på Stad Hotell på Leikanger. Eit halvt hundre personar møtte fram.

Stad Landskap forsoningsmøte på Stad Hotell Leikanger

Nyhende

Etter at arbeidet med tilkomstvegen til vindkraftanlegget tok til i Borgundvåg har frontane mellom dei som er sterkt imot utbygginga og folk med annan ståstad i denne, saka skjerpa seg. Stygge ytringar har blitt presentert på sosiale media i lang tid, medan andre har blitt prata stygt til i det offentlege rom. Etter det Fjordabladet erfarer gjeld dette for folk uansett ståstad. Bakgrunnen for møtet, som Marita Aarvik, tidlegare lokalpolitikar i Selje kommune, og Ronald Dalsbø, medlem av kommunestyret i Stad kommune, hadde tatt initiativ til, var eit forsøk på å samle folk frå å snakke saman.

Hotellsjef Øystein Wiig Rambøl og eigar av Stad Hotell, Stig Ervik, opna dørene til hotellet for møtet, og stilte opp med kaffi, nysteikte sveler og vaflar, etter at sjølve programmet var gjennomført.

Marita Aarvik fortalde innleiingsvis om kvifor initiativet var tatt. Aarvik fortalde også at initiativtakarane hadde spurt mange folk, med ulik ståstad i Okla-saka om å seie nokre ord, men at alle dei spurde hadde takka nei.

─ Eg har heile tida vore mot utbygging av vindturbinar på Okla, og eg har sagt det høgt og tydleg. Eg har problem med å forstå at det skal vere enklare å skrive meininga si gøymd bak ein skjerm, enn å møte opp her å seie kva ein meiner, sa Marita.

Initiativtakar Marita Aarvik, tidlegare lokalpolitikar i Selje kommune.   Foto: Tormod Flatebø

Hotellsjef Øystein Wiig Rambøl gjorde greie for hotellet sin ståstad, og at dei ikkje kom til å gjere forskjell på folk, om dei kom frå utbyggingsselskap, underentreprenørar, eller andre.

─ Vi korkje vil eller kan nekte nokon å bruke hotellet, sa Rambøl mellom mykje anna.

Hotellsjef Øystein Wiig Rambøl.  Foto: Tormod Flatebø

Stig Ervik ønskte folk velkomne, og fortalde elles at hans selskap ikkje kom til å seie nei til oppdrag i samband med utbygginga.

─ Vi har alltid hatt eit godt forhold til bygdefolket, det vil vi også legge vekt på å ha i framtida, sa Ervik som understreka at alt pratet om boikott av ulike selskap ikkje var vegen å gå.

Stig Ervik, bedrifts- og hotelleigar.   Foto: Tormod Flatebø


Siri Sandvik (Ap), varaordførar i Stad kommune understreka i sin appell at kommunen ikkje kan vedta utfallet av Okla-saka eller for den del vedta at det skal vere god stemning i bygda her.

─ Men det vi kan gjere, er å bidra til ei raskast mogleg avklaring. Ei slik avklaring er viktig for å bidra til å fjerne uvisse og skape mest mogleg ro. Slik situasjonen har blitt no, er det risiko for at konfliktnivået aukar meir enn nødvendig, sa ho.

Siri Sandvik (Ap), er vara ordførar i Stad kommune.   Foto: Tormod Flatebø

Ronald Dalsbø bad innstendig folk om å snakke saman, og behandle kvarandre på ein god og høveleg måte. I tillegg framførte han to songar. Mellom anna hans eigen versjon, på nynorsk, av Bob Dyland sin udøyelege «The times they are a changin».

Ronald Dalsbø , medlem av Stad kommunestyre for Krf.   Foto: Tormod Flatebø