Kulturhus vil truleg tape 75 prosent av billettinntektene i haust

(NPK-NTB): Kulturhus rundt i landet reknar med å tape 75 prosent av billettinntektene dei skulle hatt ut året – og avlysingane held fram.

Slik ser det ut i Arendal Kulturhus i koronatida: Dei fremste 200 raude seta kan seljast, medan dei grå setetrekka blir brukte til å blokkere plassar for å halde einmetersregelen frå skulder til skulder.  Foto: Foto: Norske Kulturhus / handout NTB kultur

Nyhende

Når kinodrift, som er sentral for drifta av fleire av kulturhusa, blir halde utanfor er estimert tap for perioden frå september ut desember i år på rundt 122 millionar kroner.

Medlemsorganisasjonen Norske Kulturhus opplyser at talet på arrangement som blir kansellert i denne perioden, heller ikkje ser ut til å minke.

– Sannsynet for at tapa for hausten 2020 blir endå høgare enn 122 millionar er svært sannsynleg, skriv dagleg leiar Nina Hodneland i ei pressemelding der ho spår «en blodig økonomisk høst for kulturhusene».

Det stoppar ikkje der: Også når det gjeld utleigeinntekter reknar kultur- og konserthus med å tape rundt 65 prosent av berekna inntekt, omtrent 64 millionar kroner. Også 75 prosent av serveringsinntektene går tapt, og det er estimert til 45 millionar kroner i tap.

Profesjonelle aktørar i kultursektoren blir kompensert for opptil 50 prosent på utleigefronten, medan servering – som er nær ein femdel av inntektene i husa – ikkje blir rekna som kultur og derfor ikkje blir kompensert.

Ifølgje pressemeldinga har ein teke omsyn til avgrensinga på 200 publikummarar og avstandskrav i sal, når det gjeld estimata på inntekter og tap ut året.