Eidar i Ålesund

Vann regionskåring

Geir Ove Myrvoll Bjørlo var med å starta Rema 1000 Flisnes i 2018. No er det klart at butikken er kåra til den beste Rema 1000 butikken i regionen i 2019.

TIL TOPPS I KÅRING: Geir Ove Myrvoll Bjørlo (t.h.) frå Nordfjordeid var med å starta opp Rema 1000 Flisnes i 2018. No er det klart at butikken vann regionskåring for 2019, året etter oppstart. Her saman med regionsdirektør i Rema 1000 Nordre Vestland, Jan Arild Byttingsvik (t.v.).   Foto: privat

Nyhende

Geir Ove Myrvoll Bjørlo frå Nordfjordeid starta karrieren sin på Rema 1000 Nordfjordeid tidleg på 2000-talet. I 2004 flytta han til Ålesund for å starte på ein bachelor i økonomi og leiing. Han starta så å jobbe på ein Rema 1000 butikk på Moa, og nokre år seinare, i 2018 fekk han moglegheita til å vere med å starte opp ein heilt ny Rema 1000 butikk, nemleg Rema 1000 Flisnes.