Helse Førde

To nye personar har fått stadfesta covid-19 smitte

Det er to nye personar som har testa postivt for covid-19 i Helse Førde sitt område.

SMITTE: Dei to siste dagane er det totalt fire personar som har testa positivt for covid-19 i Helse Førde sitt område.   Foto: ARKIV

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon, er det to nye personar som har testa positivt for covid-19 i Helse Førde sitt område etter at 278 prøver vart analysert torsdag. Ifølgje Firda skal dei to smittetilfella kome frå Askvoll.

Det betyr at det no er 60 personar i Helse Førde sitt område som har fått stadfesta covid-19 smitte sidan mars.

Dei siste to dagane er det totalt fire positive prøver i området.


Helse Førde:

To personar har testa positivt for covid-19

Torsdag er det klart at det er to nye personar som har fått stadfesta covid-19 i Helse Førde sitt område.


Frå torsdag 3. september til torsdag 10. september vart det analysert 1757 prøver i Helse Førde. Fire av desse er altså positive.

Ingen innlagt med korona

Ifølgje Helse Førde er det no ingen personar i Helse Førde sitt område som er innlagt med stadfesta covid-19.

Ni tilsette av rundt 3000 er heimeverande eller sjukmeld grunna korona.