Lesarinnlegg:

Noregsmeisterskap i demokrati

- Eg trur at samfunnet vårt har godt av at folket er ueinige om korleis ein skal finne dei beste løysningane, for då har vi ein god debatt, som vil sikre at alle sider av ei sak vert løfta, skriv Odne Reidar Nes Kleppe i dette innlegget.   Foto: Privat

Nyhende

I dag er det 367 dagar att til Noregsmeisterskapen I demokrati, eller som andre kallar det; Stortingsvalet. Eg vert rørt berre av tanken av demokrati. Det norske folket skal velje leiarane i landet vårt, og no er det på tide å gjere seg tankar om kven ein helst vil ha i sjefsstolen i den neste perioden. Det er viktig for meg å understreke at det viktigaste for meg er at alle nyttar røysteretten sin. Det er viktig at alle, uansett kva ein meiner og kva retning ein ynskjer å dra landet mot, ytrar seg og deltek, for berre på den måten kan vi som politikarar representere folket på ein god måte. Eg ynskjer å trekke fram 3 saker som eg ser på som særskild viktige.

Utdanning og skule

Ei av mine hjartesaker er utdanning og skule, og at det skal vere like moglegheiter til alle på dette området. Dette gjeld både den norske grunnskulen, og dei norske utdanningsinstitusjonane som universiteta. Eg har eit spesielt engasjement i desse to sakene, fordi eg er student, og tek lektorutdanning. Tidlegare har eg jobba som vikar i barnehage og skule, og har med eigne auger fått erfare korleis norske lærarar og elevar fortvilar over talet på elevar per lærar. Ofte har ein lærar oppimot 30 elevar i ei klasse, som skal ha merksemd, tilpassa opplæring og tilrettelegging til sitt nivå, slik at ein kan sikre trivsel, motivasjon og utvikling. No som eg sjølv er utplassert i praksis i fleire månadar får eg verkeleg føle på huda korleis det er å kjenne på at ein som lærar ikkje strekker til; at ein vil hjelpe alle elevane, både personleg og fagleg, men at ein rett og slett verken har tid eller kapasitet til å rekke over alt. Difor er eg glad for at Arbeidarpartiet vil auke bemanninga i skulane, og ynskjer å tilsette 3000 nye lærar. Når det kjem til utdanning, så vil vi opprette dobbelt så mange studieplassar som dagens regjering. Det er urovekkande at ein av fem kvalifiserte søkarar ikkje får tilbod om studieplass.

By og land; hand i hand

Noreg er eit langstrekt land, der befolkninga er spreidd mellom nord, sør, vest og aust. Det skal vere mogleg å leve like gode liv i byen, som i distrikta. Eit nytt skilje som kjem, er det digitale klasseskiljet. Difor er eg veldig fornøgd med at Arbeidarpartiet vil intensivere breibandutviklinga, og gjere høghastigheit-internett ein rett, slik som med stram. Mellom anna er dette ei viktig sak for alle dei små reiselivsbedriftene vi har i distrikta, slik at dei skal kunne halde fram med vidareutvikle si verksemd. Samferdsledepartementet sine tal viser at berre 37% av husstandane utanfor tettbygde strøk har tilgang på høghastigheits-breiband, kontra 96% i tettbygde strøk. Vidare for å kunne leve gode liv i distrikta, er det å ha ein arbeidsplass alfa omega, og i distrikts-Noreg er jordbruket er ein viktig arbeidsplass. Difor er eg glad for at Arbeidarpartiet sitt mål er å sikre eit jordbruk med variert bruksstruktur, som er meir lagt til rette for dei områda i distrikts-Noreg som har andre vilkår enn meir sentrale strøk.

Arbeid til folket

Å skape og sikre arbeidsplassar er Arbeidarpartiet si aller viktigaste sak. Vi må ha eit godt arbeidsliv, utan sosial dumping. Heile, faste stillingar skal vere normalen; ikkje unntaket. Dette er etter mi meining ei av dei viktigaste sakene som skil Arbeidarpartiet og dagens Høgre-leia regjering. Høgre-regjeringa har ytra seg om at dei vil gjere det enda enklare med deltidsstillingar. Å ha ein fast jobb, i ei heil stilling, er ein av dei viktigaste faktorane for å sikre eit menneske eit godt liv. Faste, heile stillingar gjer det enklare å skaffe seg bustadlån, og etablere seg. Arbeid og bustad til folket må vere fokus nummer 1 for ei ny Arbeidarparti-leia regjering.

Vegen framover, i fellesskap

Heil til slutt vil eg seie at om nokon vil gi meg innspel, ta ein kaffi eller generelt diskutere politikk, og korleis vi kan oppnå eit betre samfunn, så er det berre å ta kontakt! Den fremste oppgåva til politikarar er å prate med folk flest og, reflektere og representere meiningane til veljarane. På tross av våre ueinigheiter, så må vi saman finne dei gode løysningane, som gagnar folk flest. Eg trur at samfunnet vårt har godt av at folket er ueinige om korleis ein skal finne dei beste løysningane, for då har vi ein god debatt, som vil sikre at alle sider av ei sak vert løfta. La oss saman løfte Noreg til å bli eit endra betre land å bu i; uansett om du er fattig og rik, eller bur i byen eller på landet.