Ni lokale solistar med på musikalen

Heile ni lokale solistar er blitt headhunta, når Opera Nordfjord i haust set opp Mannen frå La Mancha.

Heile ni frå tidlegare Eid kommune har solistroller i musikalen på Opera Nordfjord. Frå venstre: Berner Midthjell, Simon Standal Pavelich, Håvard Kvammen Furnes, Rønnaug Torheim, Bård Stian Dalseth, Rune Balsnes, Paul Jacob Helgesen og Asbjørn Hagen. Med er også Erlend Åshamar Eriksen. 

Nyhende

Dei ni er Simon Standal Pavelich og Asbjørn Hagen, begge nyutdanna musikalartistar frå Nordfjordeid. Rønnaug Torheim, som er tilbake på scena saman med Paul Jacob Helgesen, Bård Stian Dalseth, Håvard Kvammen Furnes, Rune Balsnes, Berner Midthjell og Erlend Åshamar Eriksen. Alle desse åtte, heimehøyrande i tidlegare Eid kommune, er sentrale når Opera Nordfjord i år set opp musikalen «Mannen frå La Mancha» som hovudproduksjon.