Fylkemannen:

Ingen kontakt med vindkraftselskapet

Utbyggingsselskapet Falck Renewables Vind AS, seier dei har vore i kontakt både med Fylkesmannen og NVE, Det avviser Fylkesmannen sitt kontor.

Fylkesmannen sitt kontor avviser at det har vore kontakt med utbyggingsselskapet Falck Renewables Vind AS etter at selskapet vart meldt for ureining (biletet) i samband med byggestart på tilkomstvegen til vindkraftanlegget.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Etter at arbeidet med tilkomstvegen til vindmøllene på Stadlandet starta opp, melde Stad Landskap frå om ureining i Borgundvåg i form av avrenning frå anleggsområdet. Falck Renewables Vind AS lova etter hendinga at dei skulle forsterke sine vassforvaltningsplanar, og at dei hadde vore i kontakt både med fylkesmannen og NVE i etterkant av hendinga.