Tungbilkontroll

Ein måtte punge ut

Under ein tungbilkontroll Statens vegvesen hadde på Kjøs kontrollstasjon på vart det skrive ut eit gebyr på 8.000 kroner.

Ein eigar måtte ut med 8000 kroner for manglande bombrikke.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ein lastebil mangla bombrikke, og eigaren fekk eit gebyr på 8000 kroner for dette. Ein sjåfør måtte sikre lasta på bilen sin betre før han fekk køyre vidare. Ein sjåfør måtte kople frå semitraileren frå bilen sin fordi svingskiva mangla smurning. Han måtte smørje svingskiva før han fekk køyre vidare.

Ein lastebileigar fekk kontrollsetel med krav om utbetring av underkøyringshinder.

Totalt var det 122 tungbilar inne på kontrollstasjonen, 28 av desse vart kontrollerte, melder Statens vegvesen.