Okla-saka:

Bankgarantien på plass?

Under kommunestyremøtet i går torsdag 10. september opplyste ordførar Alfred Bjørlo (V) at Falck Renewables Vind AS hadde fått på plass bankgaranti, slik kommunestyret stillte krav om i sitt vedtak den 7. mai i år.

Under kommunestyremøtet torsdag 10. september opplyste ordførar Alfred Bjørlo at kravet om bankgaranti frå utbyggjar av vindkraftparken på Stadlandet er i boks.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

I møtet den 7. mai 2020 vart vedtaket frå Utval for areal og eigedom stadfesta av Kommunestyret. Utvalet vedtok å gje utbyggar dispensasjon frå arealføremål i kommuneplanens arealdel, med vilkår, for å legge tilkomstveg til Okla vindkraftanlegg i samsvar med konsesjon, detaljplan og MTA-plan.