Helse Førde:

To personar har testa positivt for covid-19

Torsdag er det klart at det er to nye personar som har fått stadfesta covid-19 i Helse Førde sitt område.

TO POSITIVE: Ifølgje Helse Førde har to personar fått stadfesta covid-19 smitte onsdag. Helse Førde analyserte 272 prøver onsdag.  Foto: arkivfoto

Nyhende

Helse Førde oppdaterte sine koronatal torsdag morgon, og då vart det altså klart at det er to personar som har fått stadfesta covid-19 smitte i Helse Førde sitt område onsdag. Det var totalt 274 prøver som vart analysert onsdag. Frå 2. september til onsdag 9. september er det analysert totalt 1868 prøver.

Eine er ukjent

Det skal førebels ikkje vere kjent kvar den eine personen som har fått stadfesta smitte onsdag er busett, men den andre personen skal høyre heime i Sunnfjord kommune.

Smitte i NRK Vestland

Ifølgje ei pressemelding har ein tilsett ved NRK Vestland sitt kontor i Førde fått påvist covid-19 onsdag kveld.


Covid-19

Tilsett i NRK Vestland stadfesta smitta

Tilsett i NRK Vestland har fått påvist Covid-19 og er no i isolasjon.