Covid-19

Tilsett i NRK Vestland stadfesta smitta

Tilsett i NRK Vestland har fått påvist Covid-19 og er no i isolasjon.

SMITTA: Ein tilsett i NRK Vestland i Førde har fått påvist covid-19 smitte.  

Nyhende

Ifølgje ei pressemelding fekk ein tilsett ved NRK Vestland sitt kontor i Førde onsdag kveld påvist covid-19. Vedkommande har vore i isolasjon heime sidan symptoma oppstod.

Ingen av kollegaene er sett i karantene av smittevernoverlegen.

NRK har strenge smitteverntiltak både for eigne tilsette og medverkande. Desse har vore følgt og blir følgt vidare.