Stor auke i netthandel i heile landet

(NPK-NTB): Posten melder om 60 prosent auke i netthandel i andre kvartal i år, samanlikna med i fjor. Posten ventar at talet held seg høgt også etter koronakrisa.

Under korona har alle norske fylke hatt ein vekst på meir enn 50 prosent i netthandel. No håpar Posten at trenden fortset også etter epidemien.   Foto: Ill.foto: Gorm Kallestad/ NTB scanpix/ NPK

Nyhende

Alle fylke hadde ein vekst på meir enn 50 prosent i andre kvartal, som omfattar april, mai og juni. Størst var auken i Oslo med 86 prosent. Dei to nordnorske fylka hadde noko lågare auke, med 52 prosent.

– Veksten har vore formidabel for alle typar netthandelspakkar. Det er ingen tvil om at koronasituasjonen har vore ein utløysande faktor. Vi hadde sett for oss ein jamn auke, men vi er no på eit nivå som vi trudde vi skulle vere på om to til tre år, seier pressesjef Kenneth Pettersen i Posten.

Han legg til at Posten har god tru på at talet på pakkar vil stabilisere seg på dette høge nivået også når situasjonen i samfunnet har normalisert seg.