Nye bruer og opprusting av tunnelar

Prioriterer vedlikehald

Seksjonsleiar Nils Magne Slinde og ruteansvarleg for rv. 15 Ole-Mathias Nes orienterte på samferdslekonferansen i Loen om arbeidet med ny NTP og om status for riksveg 15.

RV15 Måløy-Otta: Seksjonsleiar i Statens vegvesen Nils Magne Slinde og ruteansvarleg for RV 15, Ole-Mathias Nes.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Statens vegvesen legg opp til å utvikle strekningar trinnvis og å prioritere delar av riksvegnettet som er smalare enn seks meter, det vil seie utan gul midtlinje. Ein tek sikte på å redusere etterslep for bruer, ferjekaier, grøfter og vegutstyr og å halde fram med utbetring av tunnelane på sentrale vegar (TEN-T-nettet).