Prioriterer ingen nye prosjekt i Nordfjord

Statens vegvesen kom for ei tid tilbake med sine faglege innspel når det gjeld NTP-prioriteringar etter bestilling frå Samferdsledepartementet.

GANG- OG SYKKELVEG: Det er sterke ønske om meir gang og sykkelveg langsv E39/Rv 15. Her frå bygging av gangveg i Mogrenda.   Foto: Arkiv: Anna Wuttudal

Vi kjenner godt til innspela og ynskja om gang- og sykkelvegar frå kommunane langs rv. 15 dersom det skulle komme ei satsing på dette i ny NTP 2022–2033.

Ole-Mathias Nes, Statens vegvesen
Nyhende

Der er det ikkje er med eitt einaste nytt prosjekt i Nordfjord i den første seksårsbolken. Her er korkje ny tunnel på Strynefjellet, hol i Utvikfjellet, bru i indre eller Nordfjordbru Lote-Anda. Her er heller ingen nye strekningar med gang- og sykkelveg langs Rv 15, som det er sterkt ønskje om både på Stårheim, mellom Haugen og Nordfjordeid og andre stadar i Stad.