Heia jenter 15/17:

Overbeviste mot Sandane

I oppgjeret mellom Heia og Sandane, i den eldste jenteklassen, 15 til 17 år, var gjestane frå andre sida av fjorden gode dei første fem minuttane. Etter det eigde Heia kampen.

Fotball: Heia-spiss Andrea Vedvik (midt i biletet) var farleg frampå ved mange høve i 1. omgang. Løn for strevet fekk ho tidleg i andre omgang då ho førte heimelaget Heia i leiing. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

– Eg likar spennande kampar, og det var kampen mot Sandane. I tillegg til at vi vinn kampen og scorar tre flotte mål, er eg veldig god fornøgd med at vi styrer banespelet og skapar svært mange gode målsjansar. Eg er også veldig godt fornøgd med den defensive jobben som jentene gjer gjennom heile kampen, sa Heia-trenar Arne Inge Hjelle i ei kort oppsummering av kampen.