Lastebilforbundsleiar kritisk til vegprioriteringar i vest

(NPK): Regionleiar Jan Ove Halsnøy i Lastebileigarforbundet er kritisk til vegprioriteringane som er gjort på Vestlandet. Han meiner den generelle vegstandaren i vest er ein katastrofe.

Regionleiar Jan Ove Halsnøy i Lastebileigarforbundet er kritisk til vegprioriteringane som er gjort på Vestlandet. Han meiner det har vore eit altfor stor fokus på store og kostbare fjordkryssingsprosjekt. Her er ei skisse over ei flytebru over Bjørnafjorden i Hordaland, som vil bli ein del av ferjefri E39.   Foto: Global Maritime

Nyhende

Halsnøy, som er regionleiar for Vestland og Møre og Romsdal, seier til NRK at det har vore eit altfor stor fokus på store og kostbare fjordkryssingsprosjekt og at det går utover prioriteringa av andre vegar og behovet for vedlikehald.

Dette er ikkje første gong Halsnøy er kritisk til store fjordkryssingsprosjekt. I 2012 gjekk han ut og karakteriserte Hardangerbrua over Eidfjorden i Hardanger som direkte unyttig.