Låtskrivingskurs med Aleks Grey

Aleks Grey skal komande veke ha låtskrivingskurs for ungdom i Selje og Eid.

Artisten Aleks Grey trur det er mange unge som tenkjer på låtar dei gjerne ville ha realisert. 

Nyhende



Kurset i Selje blir torsdag 17. september på innbyggjartorget/biblioteket i Selje.

På Nordfjordeid blir det kurs laurdag 19. september, på Stad kulturskule sine lokale på Eid ungdomsskule.

–Kurset er lagt opp som ein workshop der ein skal få tips for å kome i gang med å skrive sine eigne låtar. Det er mange som går rundt og tenkjer på låtar dei gjerne ville ha realisert, men så kan det vere vanskeleg å ta det første steget, seier Aleksander Raftevold, mannen bak artistnamnet Aleks Grey.

Han seier at på denne workshopen blir det både tips frå han, men også høve til å få prøve seg på å skrive sine eigne låtar, både når det gjeld tekst og melodi.