Kurs i låtskriving og minikonsert

Alexander Pavelich frå Nordfjordeid var med på Stjernekamp, og skriv no låtar for andre. Måndag 14. september skal han ha låtskrivingskurs og minikonsert i Honndalshallen.   Foto: Foto frå Stjernekamp

Nyhende

Alexander Pavelich skal på turné i Sogn og Fjordane for å ha inspirasjonskurs i låtskriving og minikonsert.

Måndag kjem han til Honndalshallen.

Dei andre stadane er Firda Vgs., Fjaler, Høyanger, Førdehuset og Sunnfjord kulturskule. Det blir først kurs og deretter minikonsert.