Flytta til Eidsgata

Gjenbruken opna dørene i nytt lokale

NMS Gjenbruk Nordfjord opna torsdag dørene i Eidsgata 5 etter at dei valte å flytte frå lokala i Almenningen.

STÅTT PÅ: Gjengen på NMS Gjenbruk Nordfjord har stått på under flyttinga til Eidsgata. Frå venstre: Aud Ulvedal, Ragnhild Henden, Ingrid Johanne Sande, Turid Sørland, Kari Rigg Fjørstad, Edith Hagen Lade, Aslaug L. Balsnes, Anlaug Førde, Anne Marie Seljeset, Kjersti Ness, Annlaug Hole Nygård, Terje Heggen og Karin Nordvik.   Foto: Olin Maria Yri

Dette vart ei god løysing for oss.

Nyhende

Etter fleire år med butikklokale i Almenningen på Nordfjordeid, har NMS (Det Norske Misjonsselskap) Gjenbruk Nordfjord vore på flyttefot den siste tida. Torsdag denne veka opna dei dørene i Eidsgata 5, der Bergset og Vestitur tidlegare heldt til.