Framlegg om ferjekutt og prisauke vekkjer sterke reaksjonar i Møre og Romsdal

(NPK): Møre og Romsdal fylkeskommune har foreslått å kutte 20 millionar i ferjetilbodet. Samstundes seier leiaren i samferdsleutvalet at prisane kan auke igjen. Det vekkjer reaksjonar.

Møre og Romsdal fylkeskommune har foreslått å kutte 20 millionar i ferjetilbodet.   Foto: Hallvard Østrem/NPK

Nyhende

– Det har ikkje kome eit einaste signal frå staten om auka ferjefinansiering. Om det ikkje kjem pengar på statsbudsjettet vil det truleg kome forslag om både auka prisar og kutt i tilbodet, seier Kristin Sørheim, leiar i samferdsleutvalet, til NRK.