Sterkt engasjement for Strynefjellet

Ber om ny tunnel

Tysdag og onsdag var meir enn 80 vegentusiastar, politikarar, reiselivsaktørar og interesseorganisasjonar samla på samferdselskonferanse i Loen der Rv 15, rassikring og E39 stod sentralt.

SAMFERDSLEKONFERANSE: Her var det mogeleg å påverke sentrale politikarar som har innflytelse på kva som vert endeleg bestemt. t.v.: leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Helge Orten (H). I midten Jenny Følling (Sp), leiar i Nasjonal rassikringsgruppe.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Bakteppet er at det pågår arbeid med ny Nasjonal Transportplan (NTP 2022-2033), og for å kome i gang med planlegging og få realisert nye samferdsleprosjekt, må dei vere med i transportplanen. Planen skal leggast fram til våren, truleg i april og vedtakast av Stortinget i juni.