Selje prestegard

Framtidig bruk med meir open prestegard

– Det absolutt beste som kan skje er at Selje prestegard er i bruk, og at den ikkje står tom, seier prestegardsinspektør Jan Stedje.

Midt i Sejevågen: Selje prestegard er eit freda kulturminne. No diskuterer ein framtidig bruk, med håp om å opne opp prestegarden meir. Den ligg midt i Selje sentrum, og har Seljevågen rett nedanfor.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Vi er positive til planane.

Jan Stedje, prestegardsinspektør
Nyhende

For tida vert det jobba med fleire moglege bruksområde for prestegarden som ligg midt i Selje sentrum. Felles for dei alle er at dei krev inngrep i den freda bygningsmassen. Omfanget varierer etter kva bruk bygningen skal ha.