Satsar på meir aktivitet i nyoppussa Gymmen

Malakoff Rockfestival har brukt dei siste månadane på å pusse opp Gymmen Scene og Studio. No satsar dei på fleire arrangement, både for unge og vaksne framover.

SATSAR: Dei siste månadane har Malakoff Rockfestival brukt tida på å pusse opp Gymmen Scene og Studio innvendig, og framover vert det satsa på konsertar og arrangement. Arnt-Ivar Naustdal, festivalsjef i Malakoff, og Kristin Sandal, som har hatt ansvar for interiøret, ser fram til å opne dørene igjen. Første arrangement ut er ungdomskveld under handelsdagane på Nordfjordeid.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Over ti år har gått sidan Gymmen Scene og Studio på Nordfjordeid opna dørene, og den gongen var det Eidabandet Suspected, med Andreas Solheim, Anders Lillestøl og Kim Lillestøl, som innvia scena i Gymmen. Tida har gått, nye lokale band har stått på Gymmenscena. I år var tida moden for utskiftingar og oppussing av lokalet, og då koronapandemien slo innover landet, nytta Malakoff Rockfestival tida til å starte arbeidet.