– Bli med å rydd i kommunen vår!

Stad kommune oppfordrar alle til å vere med å rydde i vårt eige nærmiljø og rundt oss.

RYDDEAKSJONSVEKER: Marte Sofie Søreide og Siri Sandvik frå Stad kommune inviterer alle til å engasjere seg og vere med å rydde i vårt eige nærmiljø.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Dette er ein nasjonal dugnad, Hold Norge Rent, og vi går no inn i to strandryddeveker. Vi bør jo rydde heile året, men no er det eit ekstra fokus på det, der vi blir meir bevisstgjort på å ikkje berre gå forbi rusk rundt oss utan å ta det med oss, seier varaordførar Siri Sandvik og Marte Sofie Søreide i Stad kommune.

Stad kommune legg til rette for at fleire kan rydde, både med tanke på utdeling av plastsekkar og innsamling av søppelet.

Mikroplast: Ser ein seg rundt finn ein raskt mikroplast i naturen.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

– Strandryddedagen er i utgangspunktet ikkje berre rundt stranda. Vi meiner det som ligg i naturen og endar i havet. Den første veka er ein generell oppfordring til å rydde, fortel dei.

Temadagar

Andre veka har ein temadagar: Måndagen er til å rydde heime, nærområde, idrettsanlegg, klatrepark osv.

Tysdagen er barnas dag. Der er til dømes alle skulane kontakta, og feire vil vere med å organisere rydding.

Onsdagen er det fokus på sentrum. Det passar godt med tanke på handelsdagane som skal vere til den helga.

Rosa sugerøyr: Rosa sugerøyr i fjæra. 

Torsdagen er det rydding med jobben. Kommunen organiserer rydding rundt rådhuset og andre kommunale arbeidsplassar. Vi kjem til å oppmode alle arbeidsplassar om å rydde.

Fredag er det fokus på mikroplast, medan laurdagen er den nasjonale strandryddedagen, der oppfordringa er å rydde langs strendene.

– Folk ryddar når dei vil, men tanken no er at ein gjer det med mange andre, som at familiar kan ta søndagsturen sin med rydding, foreslår dei.

Folkedugnad

Sekkar og kystlotterikupongar kan hentast på rådhuset på Eid og kommunehuset i Selje, gjenbruksstasjonane og frivilligsentralane.

– Her får ein sekkar, men ikkje hanskar. Det må vere kystlotterisekkar ein brukar, for då er det gratis levering av desse sekkane, fortel dei.

Det blir plassert ut tre kontainerar i tillegg til innsamling på gjenbruksstasjonane. Ein ved Bryggja skule, ein nord for Sagaparken (bak Esso og Eid Servicesenter) og ein ved Myresanden på Drage.

– Finn ein tau, større metallgjenstandar eller ting som ikkje kan resirkulerast må ein ta kontakt med kommunen, så uteseksjonen kan ta seg av det, seier Sandvik.

Alle som er med på aksjonen må registrere seg. Det kan du gjere på ryddnorge.no

– Fjordane Friluftsråd er samarbeidspartnar. Stad kommune har meldt seg inn der, og samarbeider med dei no, seier Sandvik.

– Vi håper mange blir med på folkedugnaden, seier Sandvik og Søreide. Dei ønskjer ei større bevisstgjering hos oss alle, at vi tar på oss brillene og plukkar opp når vi ser rusk.

Og då vi tok ein rask tur ned i fjæra tok det ikkje lang tid før Søreide og sandvik hadde funne søppel som blei plukka opp.

– Ein blir litt ivrig etter å finne meir når ein først er i gang, innrømmer dei.

LOTTERI: Alle som er med på ryddeaksjonen er også med i Kystlotteriet.