Politiet avslutta fest i Måløy og Stryn

Vest politidistrikt har nok ein gong hatt ei travel natt med festbråk, men i Nordfjord har det vore stille og roleg på festfronten.

FESTBRÅK: Det har vore ei travel helg for Vest politidistrikt med mange meldingar om festbråk. I Nordfjord har politiet avslutta fest i Måløy og Stryn.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Ifølgje Vest politidistrikt har natt til søndag vore svært travel. Mellom klokka 23 og 05:30 er det registrert 65 oppdrag som er relatert til festbråk og forstyrringar i Bergen og områda rundt. Politiet rakk ikkje å rykke ut til alle meldingane som kom inn, men avslutta ein del festar med munnlege pålegg.

I Nordfjord har det ikkje vore like mange meldingar knytt til festing. I Måløy var ei politipatrulje på plass rundt klokka 02:38 på bubilcampingen og avslutta ein fest med høg musikk.

I Loen

Ifølgje innsatsleiar Kurt Hammerø har politiet stort sett vore i Loen natt til søndag, der ein person omkom etter ei ulukke laurdag kveld.

– Elles har det ikkje skjedd så mykje. I helga var det ein heimefest i Stryn som vi avslutta. Elles har det vore stille og roleg, seier innsatsleiaren.


Alvorleg ulukke i Loen

Ifølgje politiet har det vore ei alvorleg ulukke i Loen i Stryn kommune laurdag kveld.



Omkom i ulukke i Loen

Ein person omkom i ei basehoppulukke laurdag kveld i Loen.