Omkom i ulukke i Loen

Ein person omkom i ei basehoppulukke laurdag kveld i Loen.

Laurdag kveld fekk politiet ei melding om ei alvorleg ulukke i Loen.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Laurdag kveld sende Vest politidistrikt ut ei pressemelding om ei alvorleg ulukke i Loen, som alle naudetatane rykte ut til.

Ulukka, som skal vere ei basehoppulukke der det vart brukt vingedrakt ifølgje NRK, skal ha skjedd rundt klokka 20:30 laurdag kveld. Søndag morgon bekreftar politiet at ein person omkom i ulukka og pårørande er varsla.

Det skal ha vore turgåarar nedanfor Skåla som oppdaga at ein fallskjermhoppar hadde styrta i bakken. Desse tok seg ned til staden og starta umiddelbart livreddande førstehjelp. Luftambulanse var på staden like etter klokka 21, og dei heldt fram med livreddande førstehjelp.

Politiet har starta undersøkingar av ulukka, men har per no ingen opplysningar om årsaka til ulukka.

Kriseteamet i kommune er varsla, melder Vest politidistrikt.


Alvorleg ulukke i Loen

Ifølgje politiet har det vore ei alvorleg ulukke i Loen i Stryn kommune laurdag kveld.