Travel natt for politiet

Det har vore festing også natt til laurdag i fylket, og Vest politidistrikt har hatt ei travel natt.

Det har vore festing og slosskampar rundt om i fylket natt til laurdag.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det har vore ei svært travel natt for politiet, melder Vest politidistrikt på Twitter. Mellom 23:00 og 05:30 vart det registrert 50 meldingar om forstyrring av nattero/festbråk i Bergen og områda rundt. Politiet hadde ikkje kapasitet til å rykke ut på alle desse, men der politiet rykte ut vart det gjeve munnleg pålegg om å avslutte festen.

Gjennom natta har det også vore fleire slosskampar, både i Bergen og Florø.