Alvorleg ulukke i Loen

Ifølgje politiet har det vore ei alvorleg ulukke i Loen i Stryn kommune laurdag kveld.

Politiet melde laurdag kveld om ei alvorleg ulukke i Loenområdet.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Vest politidistrikt melder i ei pressemelding at alle naudetatar rykte ut til ei alvorleg ulukke i Loenområdet i Stryn kommune rundt klokka halv ni laurdag kveld.

Det skal ha vore turgåarar nedanfor Skåla som oppdaga ein fallskjermhoppar som hadde styrta i bakken.

Fallskjermhopparen skal ha vore i eit følgje med to andre personar.

Luftambulanse var på staden like etter klokka ni.