Nye råd for munnbind

Fredag ettermiddag kom regjeringa med nye råd for munnbind i kollektivtransporten.

Fredag kom det anbefalingar på kollektivtransporten.  

Nyhende

– Eg veit at mange tykkjer det er litt tungt no. Winter is coming, seier dei I Game of Thrones. Det gjer den no, sa Bent Høie, helse- og omsorgsminister, under pressekonferansen fredag.

Måndag er sommarferien slutt for mange rundt om i landet, og presset i rushtrafikken og kollektivtransporten kjem til å auke. Det vert difor anbefalt å bruke munnbind i Oslo kommune og bu og arbeidsmarknadsregionen Indre Østfold frå måndag av når det er fullt og ikkje mogleg å halde ein meter avstand. Både engangsmunnbind og tøymunnbind kan brukast.

– Måndag er ferien slutt for dei fleste av oss. Det blir ikkje som det bruker å vere. Vi kjem ikkje til å klemme kvarandre. På måndag vert det trongare på kollektivtransporten. Vi anbefaler bruk av munnbind der smitten har auka, og vanskeleg å halde avstand. Dette gjeld i Oslo og Indre Østfold i 14 dagar frå måndag av, konstaterte Høie.

Høie påpeika vidare at munnbind ikkje erstatta rådet om å halde minst ein meter avstand til andre, men munnbind vert ein ekstra beskytting når det er vanskeleg å halde avstand i kollektivtransport,

Barn som går i 1.–7. klasse og yngre anbefalast å ikkje bruke munnbind. Barn under to år skal ikkje bruke munnbind i det heile.

Dette er Helsedirektoratet sine nye anbefalingar om munnbind:

  • Helsedirektoratet anbefalar på bakgrunn av noverande smittesituasjonen i landet at det for ei tidsbegrensa periode på 14 dagar, frå og med måndag 17. august 2020, nyttast munnbind på kollektivreiser i, til og frå Oslo kommune samt Indre Østfold bu- og arbeidsmarknadsregion.
  • Anbefalinga gjeld situasjonar der den reisande ikkje kan halde ein meter avstand til andre passasjerar.
  • Barn under ungdomsskulealder anbefalast ikkje å bruke munnbind.
  • Munnbind bør vere av typen kirugisk munnbind, eller tøymunnbind som tilfredsstiller krav til Standard Norge for munnbind til bruk i offentleg rom.
  • Personar som er smitta eller har symptom på covid-19 og må bryte sin sjølvisolasjon for å transporterast til og frå helseinstitusjon eller testasjon.
  • Ved reiser frå flyplassar til heimen etter reise som medfører karanteneplikt.
  • For pårørande som ikkje kan halde minst ein meter avstand til ein person med mistenkt eller påvist covid-19 sjukdom ved behov for pleie eller omsorg.
  • I jobbsamanheng der nærkontakt ansikt til ansikt ikkje kan unngåast.