Avslutta søk etter båt på fjorden

Fredag kveld søkte politiet etter ein båt i Eidsfjorden, men oppdraget er no avslutta.

Politiet leitar fredag kveld etter ein båt i Eidsfjorden.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Ifølgje NRK har politiet leita etter ein båt i Eidsfjorden, utanfor Nordfjordeid, fredag kveld. NRK skriv at ein innringar skal ha sett ein båt som skal ha køyrt merkeleg.

HRS sende brannbåt til staden, men politiet har ikkje funne noko unormalt.

– Oppdraget er avslutta. Vi har hatt to brannbåtar ute, og ikkje funne noko båt. Vi har gjort søk i fjorden. Melder var såpass langt ifrå, så det er litt usikkert kva melder har sett, seier innsatsleiar Kurt Hammerø, til Fjordabladet.