Trafikkulukke på Nordfjordvegen

Torsdag morgon har Vest politidistrikt fått ei melding om trafikkulukke på E39.

Torsdag morgon har det vore ei trafikkulukke på E39.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ifølgje vest politidistrikt har det vore ei trafikkulukke på E39 ved Nordfjordvegen. Det skal vere ein bil involvert og to personar i bilen. Desse skal vere ute av bilen.

Like etter klokka 9 var naudetatane framme på staden og ser til dei involverte i ulukka. Ein person vert frakta til sjukehus for sjekk.

Det skal ikkje vere trafikale problem på staden, melder politiet.