To køyretøy vart sende rett til verkstad

Statens vegvesen hadde storkontroll på Kjøs torsdag, og det var fleire bruksforbod, manglar og gebyr.

KONTROLL: Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs torsdag, med totalt 70 kontrollerte tungbilar.   Foto: Arkiv

Nyhende

Torsdag hadde Statens vegvesen utekontroll på Kjøs. Det var tungbilar som vart kontrollert denne gongen. Totalt 141 tungbilar var inne på kontrollplassen, medan 70 tungbilar vart kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen vart to bilar sende direkte til verkstad med alvorlege sprekker i bremseskive. To sjåførar måtte også sikre lasta betre før vidare køyring. I tillegg fekk ein sjåfør gebyr på 2000 kroner grunna utslitne dekk. Ein sjåfør måtte også skaffe leigeavtale på køyretøy før vidare køyring.