Overlast, tekniske manglar og skilt på feil plass

Statens vegvesen kontrollerte 52 tungbilar på Kjøs tysdag, og det var fleire som fekk bruksforbod og skriftlege manglar.

Statens vegvesen hadde tysdag kontroll på Kjøs.   Foto: Arkiv

Nyhende

Tysdag hadde Statens vegvesen kontroll på Kjøs. Det var tungbilar som var fokuset under kontrollen, og totalt 166 tungbilar var innom kontrollplassen. 52 tungbilar vart kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen måte fire sjåførar ta ei rydderunde i frontruta. Eit køyretøy hadde 500 kilo overlast på forakselen og måtte difor laste om før vidare køyring. I tillegg hadde tre køyretøy tekniske manglar som gjaldt dekk, sprekk i frontrute og luftlekkasje.

Ein spesialtransport var ikkje merka tilstrekkeleg og hadde manglar ved underkøyringshinderet. Eit køyretøy hadde også montert skiltet på feil plass, og sjåføren måtte rette dette opp før vidare køyring.