Hadde 200 kilo i overlast

Statens vegvesen hadde kontroll på Nordfjordeid måndag der totalt 59 køyretøy vart kontrollert.

PÅ NORDFJORDEID: Statens vegvesen kontrollerte både tungbilar og lettbilar på Nordfjordeid måndag.  Foto: Arkiv

Nyhende

Statens vegvesen hadde måndag kontroll av lettbil og tungbil på Nordfjordeid trafikkstasjon. Totalt 57 tungbilar var inne på kontrollplassen, og 57 vart kontrollert. I tillegg vart to lettbilar kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen hadde ein sjåfør overlasta lastebilen med 200 kilo, og måtte laste om til lovleg vekt før vidare køyring. Ein sjåfør fekk også mangellapp ettersom frontruta på lastebilen var knust.

Ein sjåfør måtte også fjerne gjenstandar i frontruta før vidare køyring.