Ustabilt vêr til helga – men stort sett varmt

(NPK-NTB): Nord-Noreg og Sør-Noreg får det beste helgevêret, medan Vestlandet kan vente seg ein god del nedbør. Men i det minste vil det bli ganske varmt i helga.

Paraply og shorts kan kanskje bli rette kleda i helga i fleire delar av Noreg. Det er meldt om både nedbør og sol gjennom helga.   Foto: Erlend Aas / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Eit høgtrykk som ligg i aust, sørgjer for eit fint helgevêr i store delar av landet i byrjinga av helga. Spesielt gjeld dette Sør-Noreg med Austlandet og Sørlandet.

Men eit lågtrykk frå Storbritannia kjem inn frå vest og vil etter kvart presse høgtrykket nordover, noko som fører til ein del nedbør i Sør-Noreg.

Fin fredag

– Det vil bli nokså tørt og mykje sol i det meste av Noreg fredag. Unntaket er nokre byer frå Lofoten og opp mot Nordkapp. Den første delen av fredagen vil nok bli den beste, seier statsmeteorolog Tone Christin Thaule ved Meteorologisk institutt til NTB.

På fredagen vil nemleg høgtrykket måtte vike noko og særleg Vestlandet kan få ein del nedbør natt til laurdag og laurdag morgon.

– På grunn av høgtrykket ser det ganske bra ut i Sør- Noreg elles laurdag. Temperaturen vil liggje mellom 20 og 25 grader på Austlandet, på Sørlandet rundt 20 grader. Sør- og Austlandet får lange periodar med fint vêr, seier Thaule.

Fin laurdag i nord

Også i Trøndelag og Nord-Noreg vil laurdagen bli ganske fin. Det vil framleis vere moglegheit for enkelte byer frå Lofoten og nordover, men temperaturen vil både i Trondheim, Bodø og Tromsø kunne gå opp mot 20–25 grader gjennom laurdagen. Også i Vest-Finnmark kan temperaturen kome opp mot 20 grader.

Deretter vil ein få ein front med samanhengande nedbør som rører seg både austover og nordover laurdag kveld og natt til søndag. Då vil òg temperaturen falle noko.

Våt søndag

– Det kan kome noko nedbør på Austlandet, men mest i Trøndelag og Nord-Noreg frå natt til søndag. Søndag går fronten nordover og når Finnmark på kvelden, seier statsmeteorologen.

Med andre ord ei typisk norsk sommarhelg med både sol og regn om kvarandre store delar av tida.