Plan for vassforvaltninga i Nordfjord

Mål om reinare elvar

Det pågår eit arbeid med registrering av korleis miljøstatus er i elvane i Stad og dei andre kommunane i Nordfjord, og ein ser på kva tiltak som må til for å få reinare elvar.

Hoddevikselva: Einingsleiar kommunalteknikk i Stad kommune Hans Peter Eidseflot er bekymra for vasskvaliteten i Hoddevikselva og ser at dette må følgjast opp. Det ein mellom anna vil sjekke nærare er stoda når det gjeld septiktankar og reinsing. Du kan finne informasjon om elva i Hoddevika og andre elvar på nettstaden vann-nett.no I Hoddevika ligg det inne forslag om å etablere kommunalt avløpsnett.   Foto: Anja Midttun, Stad kommune

Det er strenge krav for avløp til ferskvatn.

Nyhende

Staffan Hjohlman er koordinator for Nordfjord og Sunnfjord vassområde. Han er tilsett i Vestland fylkeskommune, seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv, avdeling for innovasjon og næringsutvikling.