Kommunen skal føre tilsyn med om drifta er smittevernfagleg forsvarleg

– Kontakt gjerne kommunen

– Vi er glade for at folk har fokus på smitteverntiltak, og ser gjerne at ein kontaktar kommunen om ein ser døme på at smitteverntiltaka ved enkeltverksemder ikkje er som dei bør vere. Kommunen vil då følgje opp med rettleiing overfor verksemda og eventuelle ytterlegare tiltak om det vert nødvendig, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

ER FLINKE: På Hildenes Gartneri er Sunniva Honningsvåg og dei andre einige om at folk stort sett er flinke til å overhalde smittevernreglane. Foto:Lina Hjelmeland 

Vi seier også ifrå til kundane om vi ser at dei står for tett, og så prøvar vi å halde ein meters avstand bak disken også.

Sunniva Honningsvåg
Nyhende

Fjordabladet skreiv i fredagsavisa om at ein tilreisande turist på Nordfjordeid har kontakta avisa om smittevern. Vedkomande er overraska over kor lite koronatiltak det er her med tanke på alle turistane. Han nemner både ein konkret butikk han var innom og ein kafé der det var fullstappa. Ei flaske med antibac stod tilgjengeleg, men elles ingen skilting om antal eller avstand.