Fekk problem på Lovatnet

Våte og kalde, men i god behald

Nyhende

Naudetatane rykte i ettermiddag ut etter melding om personar i båt på Lovatnet som hadde fått problem. Ein fekk raskt kontroll på fire turistar som var i ein kano, men det vart sett i verk søk etter ein person som svømde ut for å hjelpe. Etter kort tid var meldinga frå politiet at ein hadde kontroll på alle som hadde vore i vatnet, ein familie på fire i kano + ein tilfeldig som bidrog. Dei var våte og kalde, men i god behald.