Nye gebyrsatsar for fartsbøller til sjøs

Politiet har til no ikkje kunna skrive ut forenkla førelegg på sjøen. Riksadvokaten tok affære, og Samferdselsdepartementet svarar med nye gebyrsatsar.

Mindre fartsoverskridingar og oppankring ved badeplassar er misferder som no blir møtte med forenkla førelegg frå politiet.   Foto: Terje Bendiksby (Arkivfoto)

Nyhende

Då hamne- og farvasslova vart endra frå nyttår, vart politiet sett i ein litt vanskeleg posisjon med tanke på korleis dei skulle handtere ei rekkje regelbrot som tidlegare førte til forenkla førelegg. Dei var nøydde til å melde desse forholda.